Stormbringer! er det tredje studioalbumet til John Martyn, og det første han spelte inn i lag med den dåverande kona, Beverley Martyn. John Martyn skreiv seks av dei ti songane på albumet, og Beverley fire.
I 1969 møtte John og gifta seg med Beverely Kutner frå Coventry. Ho hadde då alt platekontrakt for Elektra med Joe Boyd som produsent. John og Beverly Martin fekk så kontrakt med Warner Brothers i USA, som sende dei til Woodstock midt under folkrock-revolusjonen. Dei arbeidde med produsenten Paul Harris, som hadde produsert The Doors og Crosby, Stills & Nash og laga Stormbringer! som eit folkrockalbum med trommer, piano og bass. Albumet synte at Martyn var påverka av The Band og trommeslagaren i dette bandet, Levon Helm selte på to songar. Ein annan trommeslagar, Bill Mundi frå The Mothers of Invention, spelte på ein annan song.
«Would You Believe Me» var første gongen Martyn brukte gitareffekten echoplex, som han skulle bruke mykje dei komande åra.
Innhald
Bonusspora vart spelte inn under ei demoinnspeling i Sound Techniques Studios i Chelsea, 16. april 1969.
Medverkande John Martyn - vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar Beverley Martyn - vokal, akustisk gitar Harvey Brooks - bass Paul Harris - piano, orgel, musikalsk leiar, arrangement John Simon - cembalo på «Tomorrow Time» Levon Helm - trommer på «Sweet Honesty» og «John the Baptist» Herbie Lovell - trommer på «Stormbringer!» og «Would You Believe Me» Billy Mundi - trommer på «Go Out and Get It» Teknisk Joe Boyd - produsent John Wood - lydteknikar Hiroshi - fotografi Diogenic Attempts Ltd. - kunstnarisk leiar Nigel Waymouth - plateomslag
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Stormbringer!» frå , den 4. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:Island Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Beverley Martyn-album