Henrik Finne () var ein norsk målar, grafikar og bilethoggar frå Stavanger, særleg kjend for sine grafiske arbeid. Han vert rekna til den norske fargetresnittskulen på 1940-50-talet. Henrik Finne var bestefar hans.
Finne studerte på Statens kunstakademi i Oslo i 1919 under Halfdan Strøm og Christian Krohg, der etter hos André Lhote i Paris 1920-21. Han debuterte som målar i Paris i 1921 og i Oslo same året. «Som målar hadde han ein noko tung og ufri fargebruk». Han vart innkjøpt til Nasjonalgalleriet fyrst i 1928.
I 1940 lærde Finne grafiske teknikkar av Rolf Nesch. Dette førte til at han fornya sitt uttrykk radikalt, laga sidan «kraftige og sikre fargetresnitt». I 1943 flykta Finne med familien til Sverige. Nokre åra etter andre verdskrigen var Finne kunstmeldar i dagsavisa Friheten. Gjennom åra reiste Finne fleire gonger til Sentral-, Sør- og Aust-Europa.
Frå 1948 arbeidde Finne også med å forme skulpturar.
Kjelder Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1952
Kategori:Norske målarar Kategori:Norske grafikarar Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Folk frå Stavanger