Airdrie er ein by i Alberta i Canada, ikkje langt frå Calgary. I 2011 hadde byen eit folketal på 42 564 personar.
Historia til byen går tilbake til 1891, då det blei bygd ein jernbanestopp her under bygginga av jernbanen mellom Calgary og Edmonton. Han blei kalla opp etter Airdrie i Skottland. Det blei likevel ikkje bygd noko særleg meir her før i 1901, då det mellom anna kom til eit postkontor og ein butikk. Dei neste åra kom det raskt til fleire matbutikkar, apotek, hotell og restaurantar. I september blei 1909 Airdrie erklært som by, og i 1974 fekk han byrettar. Airdrie hadde ei folkeauke frå 309 innbyggjarar i 1959 til 1 442 i 1977. Sidan gjekk auken raskt, og i 1982 var innbyggjartalet 9 981. Dette kan delvis forklarast med at mange folk som arbeider i Calgary har flytta ut til Airdrie.
Airdrie har ein venskapsby i Sør-Korea, Gwacheon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Airdrie, Kanada» frå , den 10. april 2019.
Kategori:Byar i Alberta Kategori:Kommunar i Alberta