Well Kept Secret er det 12. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn. Det var det andre og siste han gav ut for WEA. Albumet kom ut i august 1982.

Ronnie Scott spelte saksofon på «Never Let Me Go». Plata vart spelt inn i RAK Studios i London. Martyn var skadd under innspelinga då han punkterte ei lunge etter å ha hoppa over eit gjerde.

Albumet nådde topp 20 på den britiske albumlista og låg inne på lista i sju veker.

Ei japansk CD-utgåve frå 1998 kom med to bonusspor: ein amerikansk miks av «Gun Money» og eit konsertopptak av «Hiss on the Tape» frå Oxford Apollo 10. oktober 1982.

Innhald

Medverkande John Martyn - gitar, vokal Jeff Allen - trommer Danny Cummings - trommer, perkusjon Jim Prime - klaverinstrument Alan Thomson - bass Mel Collins - saksofon, fløyte Ronnie Scott - saksofon på «Never Let Me Go» Martin Drover - trompet Geraint Watkins - klaverinstrument, piano, trekkspel Pete Wingfield - klaverinstrument på «Changes Her Mind» Andy Duncan - trommer på «Changes Her Mind» og «Back with a Vengeance»

Teknisk Phil Thornalley - lydteknikar Mike Nocito - innspeling Bill Smith - plateomslag Andrew Douglas - fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Well Kept Secret» frå , den 11. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Warner Bros. Records-album