And er det 19. studioalbumet til John Martyn, gjeven ut på Go! Discs i 1996. Det var det første albumet til Martyn på fem år med nye songar.
Songane vart spelte inn i JMI Studios og The Washoose i ein moderne stil som er blitt skildra som både hiphop og triphop. Martyn sa: «Eg likar svart amerikansk kultur særs godt og då eg drog ut på klubbane der var musikken verkeleg stor, og det blåste meg av banen. Energien i det er spanande.» Arbeidstittelen på albumet var Snooo.
CD-plata inneheld eit løynd spor etter ein kring 50 sekundar lang pause på et siste sporet. Bonussporet er ein remix av «Sunshine's Better».
Innhald
Medverkande John Martyn - vokal, korvokal, guitar, klaverinstrument Phil Collins - trommer, korvokal Alan Thomson - bass John Giblin - bass Jerry Underwood - saksofon Spencer Cozens - klaverinstrument, programmering Kirk Lothian - klaverinstrument Foster Patterson - klaverinstrument Stefon Taylor - programmering Cheryl Wilson - korvokal
Teknisk Produsentar: John Martyn, Stefon Taylor med Spencer Cozenz. Lydteknikarar: Douglas «Bone» Graham, Spencer Cozens, Stefon Taylor Miksing: Douglas «Bone» Graham (spor: 6), Spencer Cozens (spor: 1-4, 8-9), Stefon Taylor (spor: 5, 7) Mastering: Gordon Vicary Fotografi: Lawrence Watson
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «And (John Martyn album)» frå , den 13. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Go! Discs-album