Ei vise (av norrønt vísa, eigentleg 'måte å syngje på') er eit formelt enkelt dikt som det er sett melodi til og som kan syngjast. Diktet kan ha episk eller lyrisk innhald.
Ein kan skilje mellom folkeviser, som er blitt overført ved munnleg tradisjon og finst i ulike variantar, og litterære viser, som er trykte eller utgjevne på plate i ei autorisert form.
Elles kan ein finne ordet «vise» med mange ulike forstavingar som viser til innhald, funksjon eller bruksområde: arbeidsviser, sjømannsviser, revyviser, skillingsviser, rallarviser, drikkeviser, kjærleiksviser og emigrantviser.
Referansar
Norsk visebok. Oslo, 1993
Bakgrunnsstoff Norsk visearkiv Norsk Revy Norsk viseforum Nasjonalbibliotekets sangindeks
kategori:musikkformer kategori:litteratursjangrar
kategori:Ord frå norrønt
en:Folk song