Below the Salt er det fjerde studioalbumet til Steeleye Span og det første etter dei fekk kontrakt med selskapet Chrysalis. Bandet blandar musikk frå mellomalderen med britisk folkrock. Bob Johnson og Rick Kemp spelte med bandet for første gongen på dette albumet.http://www.allmusic.com/album/below-the-salt-mw0000201231 No hadde Ashley Hutchings slutta i bandet, og Tim Hart og Maddy Prior var dei einaste originale medlemmane som var att.
Albumet vart spelt inn i mai og juni 1972 i Sound Techniques i Chelsea i London. Songane vart valde ut av Hart og Prior, men det var Johnsom som føreslo å spele julehitten deira, «Gaudete». Dei produserte albumet på eiga hand, etter at dei ikkje klarte å finne ein erstattar for Sandy Roberton, som hadde produsert dei førre albuma.http://mainlynorfolk.info/steeleye.span/records/belowthesalt.html
«Gaudete» vart den første hitten til bandet og nådde 14. plassen på den britiske singellista. For å gje eit inntrykk av at korsongarane nærma seg og så forsvann bort, nytta dei ei lang inntoning og uttoning på albumet. Singelutgåva hadde ikkje desse inn- og uttoningane.
Sjølve albumet nådde 43. plassen på den britiske albumlista.http://www.ladyslipper.org/rel/v2_viewupc.php?storenr=53&upc=01635179392
Innhald Alle songane på albumet er tradisjonelle, tilpassa av Steeleye Span.
Medverkande Maddy Prior - vokal Tim Hart - vokal, appalachian dulcimer, gitar Peter Knight - fiolin, bratsj, mandolin, banjo, piano, vokal Rick Kemp - bass, tromme, vokal Bob Johnson - gitar, vokal
Teknisk Produsent: Steeleye Span, Jerry Boys Lydteknikar: Jerry Boys Design og kunstnarisk leiar - Grahame Berney Notat i omslaget - Tim Hart Fotografi: Harri Peccinotti
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Below the Salt» frå , den 18. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Steeleye Span-album