MF «Bømlo var ei bilferje bygd i 1972 for Rutelaget Askøy-Bergen A/S som MF «Herdla». Ferja vart seld til Danmark for opphogging i 2014.

Historie MF «Herdla» var byggnummer 31 ved Løland Motorverkstad AS i Leirvik i Sogn. Ved overlevering var tonnasjen 871 bruttoregistertonn og 496 nettoregistertonn. Hovudmaskinen er ein sekssylindra totakts dieselmotor bygd av Wichmann Motorfabrikk AS på Rubbestadneset.

Ferja byrja som ei «Askøyferje» som gjekk i rute frå Bergen til Kleppestø på Askøy frå 1972 til 1984. Det året vart ho seld til Fosen Trafikklag, som sette ho i ruta Sunde-Hemnskjel-Jøstenøya på Hitra med namnet «Ladejarl». Her gjekk ho i ti år fram til 1994. Etter er nokre år som reserverferje, vart ho seld til HSD, som gav ho namnet «Bømlo». Ho gjekk då i forskjellige ruter i Sunnhordland og Hardanger, mellom anna fire år i sambandet Halhjem-Våge på midten av 2000-talet, før ho vart reserverferje.

Etter eit motorhavari i 2014 vart ho seld til Danmark for opphogging.

Ferjesamband 1972-1984: Kleppestø på Askøy - Bergen 1984-1994: Sunde-Hemnskjel-Jøstenøya på Hitra I same periode var ho òg reserveferje på Flakk-Rørvik 1994-1996: Reserveskip 1997-2000: Buavåg-Langevåg 2000: Kinsarvik-Utne-Kvandal (sommarrute) 2001: Masfjorden-Duesund 2002: Hatvik-Venjeneset 2003-2006: Halhjem-Våge 2007-juni 2014: Reserveferje i Hordaland 2007-2008: Jondal-Tørvikbygd 2007-2010: Brimsnes-Bruravik (sommarrute) 2011: Jondal-Tørvikbygd

Kjelder Den tyske nettstaden Fjordfähren in Norwegen

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:Rutelaget Askøy-Bergen-eigde fartøy Kategori:Fosen Trafikklag-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1972 Kategori:Skip bygde ved Løland Motorverkstad Kategori:1972 i Noreg Kategori:Skip sluttsegla i 2014