Trygg Trafikk (TT) er ein norsk medlemsorganisasjon som arbeider for auka tryggleik i trafikken. Trygg Trafikk er eit bindeledd mellom frivillige aktørar og offentlege styresmakter som har ansvaret for trafikktryggleik i Noreg. TT har fylkesavdelingar over hele landet.

TT blei skipa 1. juni 1956 under namnet Landsforeningen til fremme for Trygg Trafikk, på initiativ frå Samferdsledepartementet. Namnet blei endra til Landsrådet for Trygg Trafikk i 1958, og til Trygg Trafikk i 1973.

Trygg Trafikk oppretta Barnas Trafikklubb i 1966. I 2009 blei denne lagt om i samband med utviklinga av to nye nettstader - barnastrafikklubb.no for barn frå 3 til 6 år, og trafikkogskole.no for barn i grunnskulen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trygg Trafikk» frå , den 27. april 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1956 Kategori:Norske interesseorganisasjonar Kategori:Samferdsle i Noreg Kategori:Tryggleik i Noreg