DS «Pollux» (kallesignal JVCP) var eit dampskip bygt i 1882 som eit lasteskip for Deutsche Dampfschiffahrtgesellschaft som «Rheinstein» ved Rostocker Schiff- und Maschinenbau i Rostock. I juli 1893 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt. Då ho vart kjøpt var ho det største skipet i flåten til BDS.

BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Pollux er ei stjerne.

Historie «Pollux» vart kjøpt av Bergenske i juli 1893 for 166 922 kr.

22. november 1900 grunnstøytte «Pollux» på Kjærringstaven ved Bulholmråsa på reise frå Blyth til Tromsø med kol. Ho vart heva ei veke seinare, men sokk under slep til Bodø den 1. desember.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 112 bruttoregistertonn og 688 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Rostocker S&M. i Tyskland. Oppgjeven yting var 130 nHk (nominelle hestekrefter).

Skipet fekk nye donkeykjele i 1893.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab For andre skip kalla «Pollux», sjå Pollux.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske dampskip Kategori:Tyske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Rostock Kategori:Skip frå 1882 Kategori:Forlis i 1900