Waka er ein japansk poesi-form som vart nytta ved keisarhoffet i tida frå det 6. til det 14. hundreåret e.Kr. Saman med chōka og sedōka er waka den eldste forma for poesi i den japanske bokheimen. Waka blir òg nytta som eit synonym for diktsjangeren tanka, som er den grunnleggjande komponenten i japansk poesi.

Waka har fem linjer med i alt 31 rytmiske einingar (5-7-5-7-7). I den eldste diktsamlinga med japansk poesi, Man'yōshū (norsk Samling av ti tusen blad), skrive i 750-åra, er dei fleste dikta skrivne i den femlinja waka-forma. Denne forma kom dessutan til å dominere dei seinare antologiane som vart redigerte ved keisarhoffet.

Døme Eit japansk waka-dikt i norsk attdikting (or Blad frå ein austleg hage):

Akikaze ni shitaha ya samuku narinuramu kohagi ga hara ni uzura naku nariI haustvinden må småblada frysa – I lyngmarka syng ein vaktel

Kjelder Inadomi, M. (1963). Innføring. I Blad frå ein austleg hage. Hundre haiku-dikt (s. 9-10). Oslo: Det Norske Samlaget. . Henta 15. mai 2019.

Kategori:Japansk litteratur Kategori:Diktformer