Mogholsk er eit mongolsk språk som tidlegare vart snakka i Herat i Afghanistan, i landsbyane Kundur og Karez-i-Mulla. Mogholsk vart snakka av folkegruppa mogholar, som bestod av medlemmar i 1970-åra. Dei nedstamma frå restane av den mongolske hæren til Dsjengis Khan, som hadde tilhald i Afghanistan på 1200-talet.
På 1970-talet gjorde den tyske språkforskaren Michael Weiers eit feltarbeid på språket. Få personar snakka det, dei fleste av dei passivt og dei fleste var eldre enn 40 år. Det er uvisst om det enno er attlevande talarar av språket.* Michael Weiers. 2003. "Moghol," The Mongolic Languages. Red. Juha Janhunen. Routledge Language Family Series 5. London: Routledge. Pages 248–264.
Språket har hatt mykje påverknad frå persisk med omsyn til fonologi, morfologi og syntaks, noko som fekk Weiers til å seia at det gav inntrykk av å vera eit sentralasiatisk kreolspråk.
Skrift Historisk blei mogholsk skrive med arabisk skrift. Moghollitteratur ein kjenner til omfattar muslimske tekstar, poesi, mogholsk-persiske ordlister og mogholske grammatikkar.
Døme Weiers skreiv ned det følgjande dikte av mogholdiktaren Abd Al-Qadir. Weiers' Moghol text: Dotanamni dog baina Hawoi ukini aimag baina Nesoni ugunambi agar toni baiji Mota giri qara qurgani baina.
Ekimni dard kina halmini geibe Bemoor boljambi kam khormini geibe Bemoor boljambi kam khormini khodai jaan Ena bemoreztu parwoimini geibe.Engelsk omsetjing frå Weier si tyske: Inside my heart there is a wound The girl I search and long for is of the Aimaq tribe One sign I give you, if near her you happen to be Know that in her ger (yurt) there is a black lamb
My head hurts, my condition is bad I'm sick and do not care I'm sick, but my concern is the love of God This disease I give (therefore) no attention.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mogholsk» frå , den 17. mai 2019.
Denne artikkelen bygger på «Moghol language» frå , den 7. september 2021.
Litteratur Michael Weiers: Die Sprache der Moghol der Provinz Herat in Afghanistan (Sprachmaterial, Grammatik, Wörterliste), Westdeutscher Verlag, Opladen 1972, ISBN 3531090496 Michael Weiers. 2003. "Moghol," The Mongolic Languages. Red. Juha Janhunen. Routledge Language Family Series 5. London: Routledge. Pages 248–264.
Kategori:Språk i Afghanistan Kategori:Mongolske språk Kategori:Einskildspråk