mini|Dewa på eit kart over provinsane i Japan frå 1868 var ein provins i Japan som dekka området utgjort av Yamagata og Akita prefektur i dag,Kōdansha. (1993). "Akitajō" i Japan: an Illustrated Encyclopedia, bd. 1, s. 29. med unntak av byane Kazuno og Kosaka. Dewa grensa mot provinsane Mutsu og Echigō. Kortforma av namnet var .

I 1868 blei provinsen omorganisert av dei nye Meiji-styresmaktene til i nord og i sør. Desse provinsane blei til Akita prefektur og Yamagata prefektur i 1876.Nussbaum, Louis-Frédéric. (2005). "Provinces and prefectures" i Japan Encyclopedia, s. 780.

mini|Ukiyo-e av «Dewa» i Hiroshige sine ‘Kjende scener frå seksti statar’ (六十余州名所図会), med Mogamielva og Gassanfjellet.

Historie

Tidleg historie Før Asuka-tida var Dewa folkesett av ainuar eller emishiar, og var i røynda utanfor maktsfæra til Yamatodynastiet. Abe no Hirafu overvann dei innfødde emishistammane og skipa det som blei til byane Akita og Noshiro i 658. Han grunnla også ein festning ved Mogamielva. I 708 blei skipa i Echigō-provinsen. Distriktet dekka omtrent dagens Shōnai-område i Yamagata prefektur, og blei gradvis utvida nordover etterkvart som japanarane pressa ut dei innfødde folka på nordlege Honshū. Dewa distrikt fekk status som provins i 712, og fekk i tillegg distirkta Okitama og Mogami, som tidlegare hadde vore del av Mutsu-provinsen.Titsingh, Isaac. (1834).

Væpna kolonistar grunnla fleire busetnader med trepalisadar i sentrale Dewa. Den første provinshovudstaden var Dewanosaku (出羽柵), ein befesta busetnad i det som no er Sakata i Yamagata. Denne var ein viktig bastion då Yamato-riket utvida kontrollen og folkesetnaden sin i området. I 733 blei hovudstaden flytta nordover, og det blei bygd ein ny militær busetnad, seinare kalla Akitaborga, i det som no er Takashimizu-området i Akita. Abe no Yakamaro blei Chinjufu-shōgun. I 737 byrja eit større arbeid med å laga vegsamband mellom Akitaborga og Tagaborga ved stillehavskysten. I løpet av dei neste 50 åra blei det bygd fleire festningar ved Okachi i Dewa og Monofu i Mutsuprovinsen, med styrkar på over 5000 mann. Vegen var sterkt mislikt av emishiane, og etter eit opprør i 767 blei det sendt ut ekspedisjonar for å hindra slike opprør i 776, 778, 794, 801 og 811.Turnbull. Japanese Castles AD 250-1540. s. 13

Under Heiantida, i 878, braut det ut eit større opprør, kjend som , mot Yamato-herskarane. Det fann stad eit anna større opprør i 939, som del av den austjapanske krigen Tengyō no Ran. Mot slutten av Heiantida blei provinsen delt opp i 11 distrikt. Han var seinare slagmark under Gosannen-krigen og Den tidlege niårskrigen.

Mellomalder og tidleg moderne tid Etter at klanen Ōshū Fujiwara blei slått ned av styrkane til Kamakura-shogunatet i 1189, flykta mange av Fujiwara-folka til fjella i Dewa og fortsette kampen mot sentralmakta. I Kamakura-tida blei området delt inn i mange gods (shōen), som utvikla seg til senter for ulike rivaliserande samuraiklanar. I 1335 fekk Shiba Kaneyori provinsen som vasall av Ashikaga Takauji,Terry, Thomas Philip. (1914). men var berre herskar i namnet. Ved enden av Sengoku-tida stod Mogami-klanen att som den mektigaste i sørdelen av provinsen, medan Akita-klanen dominerte norddelen. Begge klanane støtta Tokugawa Ieyasu i slaget ved Sekigahara, og var dermed trygge i stillingane sine ved byrjinga av Tokugawa-shogunatet.

Tidleg i Edo-tida blei både Mogami og Akita fråtekne områda sine, som blei delte opp i mindre delar kalla han. Det største av desse områda tilhøyrde Sakai- og Uesugi-klanen. Under Bakumatsu-tida gjekk alle han-godsa saman i koalisjonen Ōuetsu Reppan Dōmei som støtta Tokugawa-shogunatet. Styrkane som støtta Tokugawa blei til slutt slått av Meiji, som omorganiserte Dewa-provinsen til Ugo- og Uzan-provinsen. i 1868. Desse provinsane blei til Akita og Yamagata prefektur den 2. august 1876.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dewa Province» frå , den 19. mai 2019.

Kategori:Tidlegare provinsar i Japan Kategori:Skipingar på 700-talet Kategori:Nedleggingar i 1868