Kanō Tan'yū () var ein japansk målar som blir rekna blant dei fremste i Kanō-skulen. Mange av dei best kjende Kanō-verka er av han.

Tan'yū heitte opphavleg Morinobu, og var den eldste sonen til Kanō Takanobu og barnebarn av Kanō Eitoku.

Utsmykking I 1617 blei han utnemnd til den første offisielle målaren for Tokugawa-shogunatet. I åra som følgde fekk han mange ærerike oppdrag. På 1620- og 1630-talet skapte han ei rekkje verk i stor skala for Edo-slottet, Nijō-slottet, Osaka-slottet, Nagoya-slottet og Nikkō Tōshō-gū.

Sjølv om Tan'yū måla i ei rekkje ulike stilar, er han truleg best kjend for desse veldige verka. Dei omfattar skjermar og panel i Momoyama-stil som viser motiv frå naturen som tigrar, fuglar og plantar, i sterke fargar og med mykje bruk av bladgull. Gullet blei ofte brukt til å avbilda skyer, vatn eller andre bakgrunnselement. Det reflekterte det vesle lyset som var tilgjengeleg innandørs, og lyste opp dei dunkle romma i slotta.

Tusjmåleri mini|Måleri av Tokugawa Ieyasu.

Tan'yū var også ein dyktig utøvar av tusjmåleri, der ein nyttar einsfarga blekk til eit bilde. Han bygde på den prototypiske stilen frå Muromachi-tida, yamato-e-verk i ein stil som minna om den frå Tosa-skulen, og rullar i kinesisk stil. Det best kjende yamato-e-verket hans er ein forteljande handrull som framstiller livet of Tokugawa Ieyasu, den første Tokugawa-shōgunen og ein viktig figur i japansk historie. Det var etter dette oppdraget, i 1640, at kunstnaren først tok «kunstnarnamnet» Tan'yū.

I tillegg til å vera ein æra og respektert målar sjølv, var Tan'yū også kjend som ein kjennar og samlar av kinesiske måleri. Han laga skisser og tok vare på oppteikningar om dei mange måleria som kom til atelieret hans for autentisering.

Galleri

Sjå òg Kusumi Morikage

Kjelder

Kaputa, Catherine (1985). "Kanō Tan'yū." Kodansha Encyclopedia of Japan, Tokyo: Kodansha Ltd.

Denne artikkelen bygger på «Kanō Tan'yū» frå , den 20. mai 2019.

Bakgrunnsstoff Brief Biography of Kano Tanyu - Jyuluck-Do Corporation Works in the collection of the Metropolitan Museum of Art.

Kategori:Målarar frå 1600-talet Kategori:Japanarar frå 1600-talet Kategori:Japanske målarar Kategori:Kanō-skulen