Horgen stavkyrkje var ei stavkyrkje ved Horgen-gardane (gnr. 279 og 280) i Gran kommune i Innlandet fylke. Kyrkja var anneks til Nikolaikyrkja, hovudkyrkja i Gran. I 1570-åra vart jordegodset til kyrkja lagt under Nikolaikyrkja og inventaret overført til Hamar domkyrkje. I Jens Nilssøn si visitasskildring frå 1590-åra er kyrkja omtala som øyde, altså ute av bruk. I sorenskrivaren si utgreiing frå 1743 vert det sagt at kyrkja var «bygt af reiseplancher med spidse taarne paa», altså ei stavkyrkje. Men kyrkja var «nedfalden». Ifølgje Riksantikvaren er det funne eit gravfelt i forlenginga av gardstunet mot sør.

Fotnotar Brendalsmo, s. 89.

Kjelder

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 89

Denne artikkelen bygger på «Horgen stavkirke» frå , den 28. mai 2019.

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Kulturminne i Gran Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg