Skjold kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1999 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke.

Kyrkja er teikna av Nils A. Vikanes og oppført i mur. Ho har 400 sitjeplassar.

Per Odd Aarrestad står bak kunsten i det han kallar ei «oppstandelseskirke». Altarskåpet har motiv frå oppstoda i raudt og gull. Når skapet er lukka, ser ein Kristus krossfesta.

Tidlegare kyrkjer mini|left|Kyrkja frå 1887 vart påtent og brann ned i 1992. Skjold har hatt kyrkje sidan mellomalderen.Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland (Riksantikvaren, 2016), s. 146–147. Ei stavkyrkje vart avløyst av ei tømmerkyrkje ca. 1641. Denne vart anten grundig ombygd eller avløyst av ei ny kyrkje i 1768. Ei langkyrkje frå 1887 vart tent på og brann ned til grunnen 13. september 1992. Denne kyrkja hadde 750 sitjeplassar og tre samanhangande galleri. Ho stod like vest for den noverande kyrkja. Dei tidlegare kyrkjene stod lengre aust. mini|left|Den gamle kyrkjegarden, der kyrkjene stod fram til 1887.

Fotnotar

Kjelder Kyrkjesøk – Skjold kyrkje

Denne artikkelen bygger på «Skjold kirke (Vindafjord)» frå , den 30. mai 2019.

Bakgrunnsstoff Vindafjord kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Vindafjord Kategori:Kulturminne i Vindafjord Kategori:Kyrkjer i Haugaland prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1999