Europe '72 er eit tredobbelt konsertalbum av Grateful Dead, gjeve ut i november 1972. Det dekkjer turneen til bandet i Vest-Europa i april og mai det året og består av konsertfavorittar, lange improvisasjonar o fleire nye songar, som «Jack Straw» og «Brown Eyed Women». Albumet var det første med pianisten Keith Godchaux og kona Donna Jean Godchaux, og det siste med det opphavlege medlemmet Ron «Pigpen» McKernan, som døydde kort tid etter albumet kom ut. Fleire av songane der han song solo vart ikkje spelte meir av bandet etter dette.

Den europeiske turneen var dyr og logistisk komplisert, og plateselskapet til bandet håpte at eit konsertalbum ville dekkje inn kostnadane. Heile turneen vart derfor fanga på lydband og høgdepunkta kom ut på dette albumet. Europe '72 var eit av dei bestseljande albuma til Grateful Dead. Det var det første tredoble rockealbumet som selde til gullplate i USA og har med tida selt til dobbel platinaplate. Eit andre volum kom ut i 2011 i samband med utgjevinga av alle dei 22 konsertane på turneen som Europe '72: The Complete Recordings.

Europe '72 nådde 24. plassen på Billboard-lista.

Ei redigert utgåve av «Sugar Magnolia» frå albumet kom ut på singel i lag med «Mr. Charlie» som B-side.

Innhald

Medverkande The Grateful Dead Jerry Garcia – Sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Phil Lesh – bassgitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – orgel, munnspel, vokal Keith Godchaux – piano Bill Kreutzmann – trommer Donna Godchaux – korvokal Robert Hunter – tekstforfattar

Andre medverkande Heard, Jackson, Kid, Parrish, Ramrod, Razine, Winslow, Barry, Rudzo – utstyr Dan Healy – teknisk assistanse Candace Brightman, Ben Haller – scenelys Betty Cantor, Jim Furman, Bob Matthews, Rosie, Wizard – innspeling Betty Cantor, Bob Matthews – miksing Kelley / Mouse Studios – plateomslag

Salslister Liste (1973)Plassering

«Sugar Magnolia» Liste (1973)Plassering

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Europe '72» frå , den 2. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 1972 Kategori:Konsertalbum av Grateful Dead Kategori:Warner Bros. Records-album