Denis Gennadjevitsj Nizjegorodov () er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Saransk som vart verdsmeister på 50 km i 2011, etter tidlegare å ha vunne sølv og bronse på distansen i høvesvis OL 2004 og OL 2009.
Aktiv Nizjegorodrov høyrde til verdseliten i kappgang i tida 2003-11. Han satsa då på den lengste kappgangdistansen 50 km. Under sommarleikane 2004 i Aten vann han sølvmedaljen, fire år seinare tok han bronsemedaljen då Sommar-OL 2008 fann stad i Beijing. Tre månader før han deltok i Beijing-OL, vann han i Tsjeboksary den 11. mai 2008 ei verdscup-tevling på tida 3.34.14, ei tid som var verdsbeste på distansen fram til august 2014. Høgdepunktet for Nizjegorodrov var likevel VM-triumfen på 50 km under verdsmeisterskapen i Daegu i september 2011, ein siger som kom etter at landsmannen Sergej Bakulin vart diska frå fyrsteplassen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Nr 5 på 50 km – 3.38.23 OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 50 km – 3.42.50, bakom Robert Korzeniowski (3.38.46) EM 2006 i Göteborg: Diskvalifisert på 50 km VM 2007 i Osaka: Nr 4 på 50 km – 3.46.57 OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje på 50 km – 3.40.14 VM 2009 i Berlin: Braut 50 km VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 3.42.45, framom Jared Tallent (3.43.36)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Denis Gennadjewitsch Nischegorodow» frå , den 3. juni 2019.
World Athletics