Løkken Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande på Løkken Verk i Meldal kommune, skipa i 1896. Laget er aktivt med i fotball, skiidrett og skøyter.

Idrettslaget vart skipa 21. november 1896 som Meldalskogen Skilag. Det slo se saman med Idrettsforeningen Thor (stifta 1918) og Løkken Arbeideridrettslag (1924–1926), og endra namn til Løkken Idrettsforening 26. juli 1947.

Løkken IF sine mest kjende utøvarar er, mellom andre, skihopparen Rudolf Kojan som var VM-deltakar i 1938 og i 1950, og skiskyttaren Hallvard Strand som hevda seg nasjonalt i skiskyting i 1980-åra. Internasjonalt kjende idrettsfolk som orienteringsløparen Stig Berge og skøyteløparen Jan Egil Storholt var ei tid Løkken-medlemer.

Fotballaget deltok 1964-67 og 1973-74 i 3. divisjon, avdeling Trøndelag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Løkken Idrettsforening» frå , den 4. juni 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Idrettslag i Trøndelag Kategori:Idrett i Orkland