David Bennett Cohen () er ein amerikansk musikar mest kjend som den originale klaverspelaren og ein av gitaristane i det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish, der han var medlem frå desember 1965 til januar 1969 og spelte på dei to første albuma deira , Electric Music for the Mind and Body and I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die, og fleire spor på det tredje albumet, Together.

Etter Country Joe and the Fish flytta Cohen til England før han vendte attende til USA og vart med i The Blues Project i New York i 1971, og turnerte med dei fram til midten av 1972. Bruno Ceriotti, Rock Prosopography 102, 4. januar 2011. Henta 30. august 2013 Han har òg spelt med mange andre musikarar, som Janis Joplin, Luther Tucker, Mick Taylor, Tim Hardin, Jimi Hendrix, Johnny Winter, Huey Lewis, Michael Bloomfield og Bob Weir.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «David Bennett Cohen» frå , den 7. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikarar frå Brooklyn Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:Country Joe and the Fish-medlemmar Kategori:The Blues Project-medlemmar Kategori:Jødisk-amerikanske musikarar