Andreas Hjartbro Bube () er ein dansk friidrettsutøvar frå Gladsaxe som vann sølvmedaljen på 800-meteren i europameisterskapen 2012 i Helsinki.

Aktiv Bube tevla i yngre mest i 400 meter og 400 meter hekk. I desse distansane, øvingane sette han personleg rekordar med 52,41 sekundar på langhekken i 2007, og med 46,48 sekundar på 400 meter i 2009. Frå 2010 satsa han på 800 meter, ein distanse han gjorde personbeste på med tida 1.46,10 ved eit stemne i Gent i Belgia sommaren 2011. Ved VM i Daegu i slutten av august forbetra han den personlege rekorden til 1.45,48 i semifinalen. Endå fortare sprang han i Brussel i det siste DL-stemnet i den same 2011-sesongen, der han vart klokka inn til 1.45,04.

800-meterfinalen under europameisterskapen 2012 i Helsinki gjekk unna i eit lågt tempo til oppløpssida. Bube heldt på å vinne løpet med ein sugande spurt, han enda opp med sølv 0,08 sekund bakom Jurij Borzakovskij frå Russland. Vinnartida var så svak at 26 av dei 36 EM-deltakarane sprang fortare i kvalifiseringa. Tre veker etter Helsinki-EM sette Bube den 20. juli 2012 personleg rekord med 1.44,89 i Monaco.

Bube enda på fjerdeplass på 800 meter i Friidretts-EM 2014 og sjetteplass i 2018.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Utslått i forsøka (1.51,91 =nr 26) VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane (1.45,48 =nr 11) EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje på 800 m – 1.48,69 OL 2012 i London: Utslått i forsøka (1.46,40 =nr 26) EM 2014 i Zürich: Nr 4 på 800 m – 1.45,21 VM 2015 i Beijing: Utslått i forsøka (1.48,94 =nr 36) EM 2016 i Amsterdam: Utslått i semifinalane (1.47,55 =nr 9) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane (1.45,87 =nr 16) EM 2018 i Berlin: Nr 6 – 1.45,92

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andreas Bube» frå , den 20. juni 2019.

World Athletics

Kategori:Danske sprintarar Kategori:Danske mellomdistanseløparar Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016