Jorge Llopart Ribas, katalansk Jordi Llopart Ribas (), var ein spansk kappgjengar frå El Prat de Llobregat i Katalonia som spesialiserte seg på 50 km. Han vart europameister på distansen i 1978 og vann OL-sølv i same i 1980.
Aktiv Llopart gjekk heilt til topps då han i 1978 gjorde sin internasjonale meisterskapsdebut i Praha-EM. Han vann ein klar siger på 50 km, halvtanna minutt føre favoritten, Sovjetunionens Venjamin Soldatenko. Året etter presterte Llopart sin livsrekord på distansen då han 26. august vann ei tevling i Reus i Katalonia etter 3.44.33 tids gange. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 sikra han seg sølvmedaljen, frågått med to minuttar av Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland. Sidan makta ikkje Llopart å vinne medaljar i dei store meisterskapane. Han kom på sjetteplass i EM 1982, sjuandeplass i Sommar-OL 1984 og vart niandemann i EM 1986.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Gullmedalje på 50 km – 3.53.29, framom Venjamin Soldatenko (3.55.12) OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje på 50 km – 3.51.25, bakom Hartwig Gauder (3.49.24) EM 1982 i Aten: Nr 6 på 50 km – 4.08.28 VM 1983 i Helsinki: Nr 28 på 20 km – 1.27.49. Braut 50 km OL 1984 i Los Angeles: Nr 7 på 50 km – 4.03.09 EM 1986 i Stuttgart: Nr 9 på 50 km – 3.52.12 VM 1987 i Roma: Diskvalifisert på 50 km OL 1988 i Seoul: Nr 13 på 50 km – 3.48.09 EM 1990 i Split: Braut 50 km VM 1991 i Tokyo: Nr 17 på km – 4.16.36
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jorge Llopart» frå , den 21. juni 2019.
World Athletics
Kategori:Spanske kappgjengarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Spania Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Spania Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988