Olavi Osvald Rinteenpää () var ein finsk hekke- og langdistanseløpar frå Helsinki. Han sette i 1953 verdsrekord i 3 000 meter hinder og vann året etter EM-sølv i same øvinga.

Aktiv Rinteenpää vart finsk meister i 3 000 m hinder i 1952, ein prestasjon han sidan gjentok i 1953, 1954, 1956 og 1958. Under dei olympiske sommarleikane i heimbyen, same sommaren som han vann sin fyrste nasjonale meistertittel, vart han fjerdemann i hinderløpet. Den 2. juli 1953 forbetra Rinteenpää verdsrekorden i øvinga med eitt sekund til 8.44,4 på nettopp olympiastadion i Helsinki. Rekorden stod seg i vel to år, til dess Jerzy Chromik frå Polen sletta den i august 1955.

I slutten av august 1954 måtte Rinteenpää sjå seg klart slått av ungararen Sándor Rozsnyói i hindertevlinga ved EM i Bern, men berga sølvmedaljen i kamp mot nordmannen Ernst Larsen. Rinteenpää var langt unna å kvalifisere seg til OL-finalen i Melbourne i 1956. To år seinare vart han nummer ni i europameisterskapen i Stockholm.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsinki: Nr 4 – 8.55,6 EM 1954 i Bern: Sølvmedalje 8.52,4, bakom Sándor Rozsnyói (8.49,6) OL 1956 i Melbourne: Utslått i kvalifiseringa (9.10,0 =nr 20) EM 1958 i Stockholm: Nr 9 – 8.52,6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olavi Rinteenpää» frå , den 27. juni 2019.

World Athletics

Kategori:Finske langdistanseløparar Kategori:Hinderløparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956