Raymond Hecht () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Gardelegen i Sachsen-Anhalt. Han var i tida 1993-2002 ein verdas beste spydkastarar, med eit kast på 92,60 meter frå 1995 tysk rekordhaldar i 22 år og bronsevinnar i øvinga under EM 1998.

Aktiv Hecht vart austtysk meister i spydkast 1990, sidan vann den han tyske meisterskapen i øvinga åra 1993, 1994, 1996, 1999 og 2002. I juli 1995 kasta han spydet heile 92,60 m i eit stemne på Bislett stadion i Oslo, tysk rekord fram til Thomas Röhler sletta rekorden den 5. mai 2017.

Perioden 1994-2002 var Hecht mellom dei seks beste i åtte av dei ni store meisterskapstevlingane. Einast ved europameisterskapen 1998 i Budapest lukkast han vinne ein medalje gjennom bestekastet på 86,63 m. Kastet gav han bronsen, medan Steve Backley og Mick Hill syrgde for britisk dobbelsiger. Tre gongar enda Hecht på fjerdeplass og fire gongar vart han femtemann.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Nr 10 – 77,72 m VM 1991 i Tokyo: Nr 12 – 70,58 m VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (75,00 m=nr 23) EM 1994 i Helsinki: Nr 5 – 81,18 m VM 1995 i Göteborg: Nr 4 – 83,30 m OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 86,88 m VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (79,38 m=nr 13) EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 86,63 m VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 85,92 m OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 87,76 m VM 2001 i Edmonton: Nr 5 - 86,46 m EM 2002 i München: Nr 5 – 83,95 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Raymond Hecht» frå , den 30. juni 2019. Denne artikkelen bygger på «Raymond Hecht» frå , den 30. juni 2019. World Athletics

Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000