Gaius Verres (cirka 115 f.Kr.-43 f.Kr.) var ein romersk embetsmann som vart illgjeten for økonomisk utsuging av folkesetnaden på Sicilia då han var guvernør på øya i 73-71 f.Kr. Han gjekk i eksil for å unngå det klagemålet som vart reist av Cicero på vegner av ibuarane på øya. I ettertid publiserte Cicero, som ikkje ønskte at materialet han hadde samla inn skulle gå til spille, dei fire talene mot Verres. Cicero vann ry som aktor i saka, og talene gjev eit levande, men naturleg nok sterkt farga bilete av tilhøva i Romarriket på denne tida.«Verres» i Salmonsens konversationsleksikon. (Andre utgåve) XXIV: Tyskland—Vertere. (1928). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel. Henta 24. juni 2019. Talene er delvis omsett til norsk av Samson Eitrem i Kunstsamleren på Sicilien (1929).

Kjelder

Kategori:Einskildmenn Kategori:Romerske politikarar