Chrono Trigger er eit rollespel utvikla og utgjeve av Square til Super Nintendo Entertainment System i 1995. Gruppa som utvikla spelet inkluderte tre designarar som Square kalla for «Dream Team»: Hironobu Sakaguchi, skaparen av Final Fantasy-serien, Yuji Horii, ein frilans designar og skapar av Dragon Quest-serien, og Akira Toriyama, ein mangateiknar som er kjend for arbeidet sitt med Draqon Quest og Dragon Ball. Chrono Trigger følgjer ei gruppe av eventyrarar som reiser gjennom tida for å hindre ein global katastrofe.

Spelet var ein kritisk og kommersiell suksess då det vart gjeve ut i 1995. Det vart utgjeve til PlayStation i 1999, i ei utgåve utvikla av Tose. Ei noko utvida utgåve av spelet, også utvikla av Tose, vart utgjeve til Nintendo DS i Japan og Nord-Amerika i 2008 og i Europa i 2009. Nintendo DS-utgåva selde 790 000 kopiar innan mars 2009. Chrono Trigger har også vorte utgjeve til Virtual Console, PlayStation Network, iOS-einingar, Android-einingar og Microsoft Windows.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Datarollespel Kategori:Dataspel frå 1995 Kategori:Nintendo DS-spel Kategori:PlayStation-spel Kategori:Super Nintendo Entertainment System-spel