mini|Brixlegg

Brixlegg er ein kommune i Distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 9,1 km² og i kring 3 000 ibuarar. Landsbyen Brixlegg ligg 534 meter over havet.

Eit smelteverk, det einaste koparverket att i Austerrike, er ein viktig arbeidsplass. Elles bidreg tekstilindustri, ein mineralvassprodusent og vinterturismen til næringsinnkomene i kommunen.

Skirennaren Stephan Eberharter er frå Brixlegg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brixlegg» frå , den 5. juli 2019.

Kategori:Kommunar i Tirol