mini|Abimelek gjev Sara tilbake til Abraham. Abimelek er eit namn som går att i Den hebraiske bibelen. Det viser til to filistarkongar og ein israelitt, i tillegg til ein bruk i Salmane der det kan visa til filistarkongen Akisj.

Kong Abimelek Abimelek er konge i Gerar på Abraham si tid. Abraham seier at Sara er syster hans, ikkje kona. Kongen vil då ta henne til kone, men finn ut i ein draum frå Gud at ho eigentleg er Abraham si kone. Abraham forklarer kvifor han laug: «Eg tenkte: På denne staden finst det inga gudsfrykt. Dei kjem til å drepa meg på grunn av kona mi.» Etter at han finn ut sanninga sluttar kongen ei pakt med Abraham. Staden der pakten blei slutta blei Beer-Sjeba. Abimelek er konge i Gerar på Isak si tid. Isak seier at Rebekka er syster hans, ikkje kona, «fordi han var redd dei skulle slå han i hel på grunn av Rebekka.» Abimelek får sjå at Isak kjærteikner Rebekka, og forstår at ho er kona hans. Han gjev ordrer om at verken mann eller kone skal rørast. Også denne Abimelek sluttar ei pakt med Isak ved Beer-Sjeba.

Dommaren Abimelek mini|Dommaren Abimelek døyr. Doré's English Bible, 1866. Dommaren Abimelek er son av Gideon, og prøver etter at faren er død urettmessig å gjera seg sjølv til konge. Han sørgar for å drepa 69 av brørne sine, bortsett frå Jotam, som kjem unna. I tre år kjempar han for styret sitt, men til slutt døyr han i kamp etter at ei kvinne kastar ein kvernstein i hovudet på han.

Abimelek i Salmane Salme 34 blir omtalt som «Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg». Omtalen passar med det som skjer hjå kong Akisj av Gat som er omtalt i 1. Samuelsbok. Denne boka omtalar også ein «Ahimelek».

Abimelek i apokryf litteratur

Kong Abimelek av Gerar er nemnd i kristen apokryf litteratur som Kitab al-Magall, Skattehola og den orientalske Adamsboka som ein av 12 småkongar på Abraham si tid. Han skal ha bygd Jerusalem for Melkisedek.

Abimelek i kulturen Abimelech er eit oratorium på engelsk skrive av Christopher Smart og tonesett av Samuel Arnold. Det blei først framført i London i 1768, og i revidert versjon i 1772. Oratoriet fortel soga om Abraham, Sara og kong Abimelek med vekt på sjalusi og truskap mellom ektefolk.

I Saint-Saëns sin opera Samson et Dalila frå 1877 er Abimélech ein satrap av Gaza.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abimelek» frå , og «Avimelek» frå den 7. juli 2019. Delar av denne artikkelen bygger på «Abimelech» frå , den 7. juli 2019.

Kategori:Personar i Den hebraiske bibelen