Mikkel Eskil André Mikkelsen () var ein norsk samisk politikar. Han vart vald inn på Det norske Sametinget i 2017. Frå 2017 til 2024 var han medlem av Sametingsrådet. Inntil 7. november 2024 var han heimehøyrande i Norske Samers Riksforbund.
Han var utdanna kyrkjemusikar frå NTNU og hadde ein master i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo. I tillegg hadde han studert lulesamisk språk ved Nord universitet. I 2017 arbeidde han som kantor i Tysfjord.
Mikkelsen var opent homofil, og vann prisen «Årets LHBT-person» saman med Runar Myrnes Balto i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Mikkel Eskil Mikkelsen på sametinget.no.
Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR Kategori:Sametingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025