Pretor (or latin praetor, «den som går i spissen») var eit embete i Romarriket. Opphavleg var pretor namnet på dei to romerske hærførarane, men frå 367 f.Kr. var det tittelen på embetsmenn som leidde rettsstellet og stod nærast konsulen i rang. Frå 250 skifta bypretoren (praetor urbanus) rett mellom romerske borgarar, medan den såkalla framandpretoren (praetor peregrinus) var ansvarleg for tingingane når ein av partane ikkje var romersk borgar.

Med tida auka talet på pretorar og verkeområdet deira vart utvida. Då dei første provinsane vart hærtekne og organiserte, vart spesielle pretorar utnemnd for å styre dei. Seinare vart det slik at pretorar etter endt embetsperiode i Roma vart sendt til provinsane som propretorar.

Kjelder

Kategori:Romarriket Kategori:Embetstitlar