ZombiU er eit survival horror-spel i førsteperson utvikla av Ubisoft Montpellier og utgjeve av Ubisoft. Det vart utgjeve på Wii U som ein lanseringstittel til konsollen i november 2012. I spelet tek spelaren kontroll som ein overlevande etter ein zombieapokalypse. Spelet har eit «permadeath»-system, der spelefiguren døyr for godt dersom han eller ho bukkar under, og gjer omfattande bruk av Wii U GamePad til å skanne miljøa i spelet og handsame forrådet til den overlevande.

ZombiU vart utgjeve til Microsoft Windows, PlayStation 4 og Xbox One i 2015 under tittelen Zombi, utan fleirspelarmodusen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2012 Kategori:Overlevingsspel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Postapokalyptiske dataspel Kategori:Skrekkspel Kategori:Wii U-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel