«Keep Talking» er ein song av Pink Floyd på albumet deira The Division Bell frå 1994.
Innspeling Songen er skriven av David Gilmour, Richard Wright og Polly Samson, og vart sungen av Gilmour. Den elektroniske røysta til Stephen Hawking er nytta på songen, henta frå ein reklamefilm for BT.(liner notes from Echoes) Gilmour ønskte å bruke talen etter å ha sett reklamen, som han skildra som «den mektigaste TV-reklamen eg har sett nokon gong». Gilmour spelar gitar med talkbox-effekt på songen.
Utgjeving Songen var den første singelen som kom ut frå albumet i USA i mars 1994. Det var den tredje songen deira som gjekk til topps på Album Rock Tracks-lista til Billboard, og låg på toppen av lista i seks veker.
Songen er med på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd frå 2001.
Konsertopptak Songen vart framført på alle konsertane under The Division Bell-turneen i 1994 og konsertopptak, frå forskjellige stader, vart gjevne ut både på albumet Pulse og videoen med same namn.
Songen vart sampla av Wiz Khalifa på tittelsporet på mixtapen hans Burn After Rolling frå 2009.
Medverkande
Pink Floyd David Gilmour – solovokal, gitar, talkbox, EBow Richard Wright – Hammondorgel, synthesizer Nick Mason – trommer, perkusjon
Andre medverkande Gary Wallis – programmering Jon Carin – programmering, ekstra klaverinstrument Guy Pratt – bassgitar Sam Brown – korvokal Durga McBroom – korvokal Carol Kenyon – korvokal Jackie Sheridan – korvokal Rebecca Leigh-White – korvokal Stephen Hawking – datastemme, sampla
Salslister
Vekeslister Liste (1994)PlasseringCanadahttp://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.2484&type=1&interval=24&PHPSESSID=v2a76h62to0aart05gg0u3agj28US Billboard Album Rock Tracks1
Årslister Liste (1994)PlasseringCanada Top Singles (RPM)64
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Keep Talking» frå , den 17. juli 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1994 Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Stephen Hawking Kategori:Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista Kategori:Songar skrivne av David Gilmour Kategori:Songar skrivne av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Bob Ezrin Kategori:Songar produserte av David Gilmour