Alina Astafei, opphavleg Galina Astafei, () er ein rumensk-tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bucuresti som tevla i høgdehopp. Ho representerte Romania til 1994, frå 1995 Tyskland. Astafei vann i 1992 OL-sølv, 1995 VM-sølv og EM-bronse 1998. Vintersesongen 1995 sigra ho i øvinga ved innandørs-VM,

Aktiv Astafei vann høgdetevlinga ved junior-EM 1987 og junior-VM 1987, i den siste meisterskapen svinga ho seg over 2,00 meter. Vinteren 1989 sigra ho ved innandørs-EM i Haag med eit hopp på 1,96 m, norske Hanne Haugland klarte same høgda men hadde fleire riv. Størst suksess for fødelandet Romania hadde Astafei då ho vann sølvmedaljen under Sommar-OL 1992 med eit hopp på 2,00 m.

Frå januar 1995 budde Astafei i Tyskland, der ho fekk statsborgarskap etter kort tid. Ho var då i sitt livs beste form, den 3. mars tok ho seg over 2,04 m ved eit innandørsstemne i Berlin. Åtte dagar seinare, den 11. mars 1995, vann ho høgdetevlinga under innandørs-VM i Barcelona, ho var den einaste som makta 2,01 m. Utandørssesongen 1995 sette ho personleg rekord med 2,01 m i Wörrstadt, før ho under VM 1995 i Göteborg kneip sølvmedaljen framom Inha Babakova frå Ukraina, begge stoppa med 2,00 meter som teljande resultat.

Vinteren 1996 vart Astafei innandørs europameister for andre gong, under meisterskapen i Stockholm klarte ho 1,98 m. I Friidretts-EM 1998 i Budapest fekk Astafei bronsen med 1,95 m, i ei tevling utan dei høge hoppa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (1,88 =nr 13-18) OL 1988 i Seoul: Nr 5 – 1,93 m EM 1990 i Split: Utslått i kvalifiseringa (1,80 =nr 16) OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje – 2,00 m, bakom Heike Henkel (2,02 m) VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 1,94 m VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 1,99 m, bakom Stefka Kostadinova (2,01 m) OL 1996 i Atlanta: Nr 5 – 1,96 m VM 1997 i Aten: Nr 7 – 1,93 m EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 1,95 m

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Rumenske høgdehopparar Kategori:Tyske høgdehopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996