On The Road er det andre konsertalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1973. Det vart spelt inn i Tyskland og har same besetninga som på Shoot Out at the Fantasy Factory i tillegg til klaverspelaren Barry Beckett.

Den første amerikanske utgåva av On the Road (Island/Capitol) i 1973 kom ut som ein enkel LP som bestod av «The Low Spark of High Heeled Boys» (forkorta til 15:10), «Shoot Out at the Fantasy Factory», «(Sometimes I Feel So) Uninspired» og «Light Up or Leave Me Alone».

Albumet nådde 40. plassen på den britiske albumlista«Traffic in the UK Charts» , The Official Charts. Henta 20. juli 2019. og 29. plassen i USA.«Traffic in the USA Charts», Allmusic. Henta 20. juli 2019.

Mottaking Allmusic rosa spelinga til Roger Hawkins, David Hood og Barry Beckett, men meinte at songane på albumet var altfor lange og ikkje betra dei glanslause studioversjonane av dei tre songane frå Shoot Out at the Fantasy Factory.

Innhald

Medverkande Steve Winwood – gitar, solovokal (1, 3, 4, 6), piano Chris Wood – fløyte, saksofon Jim Capaldi – perkusjon, solovokal (5), trommer (4) Rebop Kwaku Baah – perkusjon Barry Beckett – orgel, piano David Hood – bass Roger Hawkins – trommer

Teknisk: Chris Blackwell – produsent Brian Humphries – lydteknikar Jimmy Johnson – miksing Jeff Willens – mastering Ann Borthwick – plateomslag Brian Cooke – fotografi

Salslister ÅrListePlassering 1973UK Albums Chart40Billboard Pop Albums29

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «On the Road (Traffic album)» frå , den 21. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Traffic-album Kategori:Konsertalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Chris Blackwell Kategori:Island Records-album