Närpes (finsk Närpiö) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 9 463 og eit areal på 985 km², der 977 km² er land. Närpes grensar til kommunane Kaskö, Kristinestad, Östermark, Kurikka, Malax og Korsnäs.
Närpes er Finlands einaste einspråkleg svenske kommune utanfor Åland og er kjent for dialekten sin.
Närpes er eit sentrum for finsk grønnsaksdyrking. I drivhusa i kommunen vert rundt 50 % av tomatane og rundt 30 % av agurkane i Finland dyrka.
Närpes kyrka er frå 1435, men har seinare vorte utvida fleire gonger.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Närpes» frå , den 26. juli 2019.
Kategori:Kommunar i Österbotten