Ingvild Lothe () er ein norsk forfattar. I 2016 bokdebuterte Lothe med diktsamlinga Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt. Boka var ein suksess med eit femte opplag planlagd i 2019, noko som er uvanleg for diktsamlingar i Noreg. I 2019 kom hennar første roman, Havfruehjerte, ut.
Bakgrunn Ingvild Lothe kjem frå Stord og er utdanna ved forfattarstudiet i Bø og masterprogrammet i Litterär Gestaltning ved universitetet i Gøteborg. Ho har også skrive kritikk for Natt & Dag.
Resepsjon Lothe har fått merksemd for sitt forfattarskap utanfor Norge. I Danmark har ho blitt samanlikna med danske poetar som Caspar Eric, Sofie Diemer og Maja Mittag, som er kjent for å knytte det kjenslemessige og kroppslege til det sosiale. Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt hausta god omtale i den danske avisa Information – sjølv om boka ikkje var omsett til dansk. I 2018 blei bokdebuten omsett til tysk og svensk.
Då Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt kom ut i 2016, meinte Morgenbladet at Lothe utleverar si eiga samtid meir enn ho utleverar seg sjølv, noko mange forfattarar i hennar generasjon (mellom anna Kenneth Moe og Linnéa Myhre) gjerne blir skulda for å gjere.
Bergens Tidende gav Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt fire av seks hjarte, og anbefalte boka for «den blyge lærer som trenger et alibi i seksualundervisningen».
Dikta til Lothe har blitt hyppig delt av sine lesarar i sosiale medium som Instagram.
Bibliografi
Når jeg blir stor vil jeg bli åtte år (2014; chapbook) Litt lyst til å pule, litt lyst til å dø (2015; chapbook) Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt (2016; dikt) Havfruehjerte (2019; roman)
Priser
2017: Gode Føremåls-prisen
Kjelder
Kategori:Norske forfattarar