Yarelys Barrios Castañeda () er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pinar del Rio. Ho vann sølvmedaljen i diskoskasting både under VM 2007 og 2009, og sidan bronsen i øvinga ved VM 2011, Sommar-OL 2012 og VM 2013.

Aktiv Barrios sette personleg rekord med 63,90 m i VM-finalen 2007, eit kast som sikra henne bronseplassen på sigerspallen, men som året etter vart omgjort til sølvmedalje då den opphavlege sølvmedaljøren vart diska for å ha tukla med dopingprøvene. Sjølv vart Barrios under Sommar-OL 2008 tildelt sølvmedaljen, for så, åtte år seinare, få annullert medaljen etter ein ny test av prøvematerialet frå den gongen.

I 2009 kasta Barrios 65,31 m i VM-finalen i i Berlin og tok sølv, 13 cm kortare enn vinnaren, Dani Samuels frå Australia. Barrios avslutta sesongen med å vinne IAAF-finalen med eit bestekast på 65,86 m. Både i 2010 og i 2011 gjekk ho til topps i diskoskastinga i DL-serien (Diamond League). Hausten 2011 gjorde ho årsbeste med 65,73 m under VM i Daegu og tok bronsen. Også i London-OL 2012 og Moskva-VM 2013 la Barrios beslag på bronseplassen.

Barrios sin personlege rekord lyder på 68,03 meter og vart oppnådd i Habana 22. mars 2012.

Doping Den 1. september 2016 vedtok Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) å annullere Barrios sine prestasjonar under Sommar-OL 2008 i Beijing, etter at ein retest viste spor av det forbodne stoffet acetazolamide.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 63,90 m, bakom Franka Dietzsch (66,61 m) OL 2008 i Beijing: Annullert sølvmedalje (63,64 m) VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 65,31 m, bakom Dani Samuels (65,44 m) VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 65,73 m OL 2012 i London: Bronsemedalje – 66,38 m VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 64,96 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yarelys Barrios» frå , den 1. august 2019.

Denne artikkelen bygger på «Yarelys Barrios» frå , den 1. august 2019.

World Athletics