Voitto Valdemar Hellsten () var ein finsk friidrettsutøvar og politikar frå Pertteli. Han vann på spesialdistansen 400 meter sølvmedaljen ved EM 1954 og bronsemedaljen under Sommar-OL 1956. I tida 1962 til 1970 var han riksdagsmann for sosialdemokrat-partiet (SDP) i Finland.
Friidrett Hellsten vert i Finland særleg hugsa for sine mange triumfar i landskampane mot Sverige. I 1950-åra deltok han i 33 landskampar og sikra finsk siger i heile 52 tevlingar. Under Sommar-OL 1952 på finsk heimebane i Helsinki tevla han på både på 100 m, 200 m og i 4 x 100 m stafett, utan å utmerke seg. To år seinare vann han sølvmedaljen på 400 m ved europameisterskapen i Bern, einast Ardalion Ignatjev frå Sovjetunionen vart for sterk. I den same meisterskapen syrgde Hellsten som ankermann for finsk bronsemedalje i 4 x 400 m stafett, eitt sekund føre Sverige på fjerdeplass. Under dei olympiske leikane i Melbourne i 1956 gjorde Hellsten i semifinalen sitt livs beste løp på 400 meter, med tida 46,1 sette han ein finsk rekord som stod i 15 år. I finalen fekk han notert 47,0 i sluttid og delte den olympiske bronsemedlajen med Ardalion Ignatjev.
Åra 1952-58 vann Hellsten 13 finske meistertitlar; fire på 100 meter, fem på 200 m og fire på 400 m.
Politikk Hellsten var frå 1950-åra busett i Turku. Han var aktiv i lokalpolitikken frå 1960, og representerte det sosialdemokratiske partiet (SDP) i bystyret frå 1972. Ved riksdagsvalet i 1962 vart han vald inn i den finske riksdagen for sosialdemokratane, attvald for ein ny fireårsbolk i 1966.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Voitto Hellsten» frå , den 4. august 2019.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Finske sprintarar Kategori:Finske politikarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960