Kévin Borlée () er ein belgisk friidrettsutøvar som vart europameister på 400 meter i 2010 og tok bronsemedaljen på same distansen ved VM 2011. Han har òg vunne EM-gull med Belgia i 4 x 400 m stafett i 2012, 2016, 2018; alle tre gongane i lag med tvillingbroren Jonathan Borlée.
Aktiv Kévin Borlée var nær ved å ta seg til finalen i sin olympiske debut i Beijing 2008, der han i semifinalane fekk bestetid av dei løparane som ikkje kom til finalen. Under EM i friidrett 2010 i Barcelona vann han gullmedaljen på 400 meter på tida 45,08 sekundar, og sidan bronse i 4 x 400 meter stafett saman med Arnaud Destatte, Cédric Van Branteghem og Jonathan Borlée.
I VM i friidrett 2011 i Daegu lukkast Kévin Borlée å sikre seg bronsen på 400 meter, med tida 44,90. Han deltok på det belgiske stafettlaget som i Helsinki vart europameistrar 2012 i 4 x 400 meter stafett, lagkameratar var her Antoine Gillet, Jente Bouckaert og Jonathan Borlée. Halvtanna månad seinare sprang Kévin Borlée i London-OL inn til femteplass på 400 meter og tida 44,81. Trass i at han i Beijing-VM 2015 sprang sin beste 400 meter i eit meisterskapsløp nokon gong, så heldt ikkje 44,74 til finaleplass.
Under EM i friidrett 2016 i Amsterdam vart Kévin Borlée fjerdemann på 400 meter, før han som ankermann i finalen i 4 x 400 meter stafett slo Polens mann på målstreken og sikra belgisk gullmedalje, etter at Julien Watrin og brørne Jonathan og Dylan hadde lagt grunnlaget for siger. To år etter forsvarte Kévin Borlée, dei to brørne hans og Jonathan Sacoor, EM-tittelen på den lange stafetten i EM 2018. Tidlegare i meisterskapen i London hadde Kévin Borlée sjølv teke sølv på 400 m, seks hundredels sekund framom bror Jonathan på bronseplass.
Kévin Borlée sin personlege rekord på 400 meter er på 44,56 sekundar, oppnådd i Brussel i juni 2012, men det er broren Jonathan Borlée som har den belgiske rekorden på distansen på 44,43, prestert i London-OL sju veker etter bror Kévin sitt rekordløp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 400 m (44,88=nr 9). Nr 5 i 4 x 400 m stafett (2.59,3) VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane på 400 m (45,28=nr 12). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.01,8) EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje på 400 m – 45,08. Bronse i 4 x 400 m stafett (3.02,6) VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje på 400 m – 44,90. Nr 5 i 4 x 400 m stafett (3.00,4) EM 2012 i Helsinki: Gull i 4 x 400 m stafett (3.01,4) OL 2012 i London: Nr 5 på 400 m – 44,81. Nr 5 i 4 x 400 m stafett (3.01,8) VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane på 400 m (45,03=nr 9). Nr 5 i 4 x 400 m stafett (3.01,8) EM 2014 i Zürich: Utslått i semifinalane på 400 m (46,15=nr 15). Nr 7 i 4 x 400 m stafett (3.02,6) VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalane på 400 m (44,74=nr 11). Nr 5 i 4 x 400 m stafett (3.00,2) EM 2016 i Amsterdam: Nr 4 på 400 m – 45,60. Gull i 4 x 400 m stafett (3.01,1) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i forsøka på 400 m (45,90=nr 29). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (2.59,4) VM 2017 i London: Utslått i semifinalane på 400 m (45,10=nr 11). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.00,0) EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje på 400 m – 45,13. Gull i 4 x 400 m stafett (2.59,4) VM 2019 i Doha: Bronse i 4 x 400 m stafett (2.58,7) OL i 2021 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 400 m (=nr 24). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (2.57,8). VM 2022 i Eugene: Utslått i semifinalane på 400 m (45,26=nr 13). Bronse i 4 x 400 m stafett (2.58,7) EM 2022 i München: Utslått i semifinalane på 400 m (=nr 24). Sølv i 4 x 400 m stafett (2.59,4) OL 2024 i Paris: Nr 4 i 4 x 400 m stafett (2.57,7)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kévin Borlée» frå , den 5. august 2019.
World Athletics
Kategori:Belgiske friidrettsutøvarar Kategori:Sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Belgia Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022