Eugene er ein by i delstaten Oregon i USA med ikring 175 000 ibuarar på 43,7 kvkm. Byen ligg 131 meter over havet i Willamette-dalen, nær åmotet for elvane McKenzie og Willamette, ei 80 km aust om kysten mot Stillehavet.

mini|venstre|Midtbyen i Eugene

Byen vart grunnlagd i 1862 og er kalla opp etter grunnleggjaren Eugene Skinner. University of Oregon vart grunnlagd i 1876 og har ein sentral plass i byen med sine over 20 000 studentar. Daglegvarekonsernet Bi-Mart har hovudkontor i Eugene.

Verdsmeisterskapen i friidrett 2021, utsett til juli 2022, vert avvikla i Eugene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eugene, Oregon» frå , den 7. august 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Oregon Kategori:Skipingar i 1862