Anthony Alexander Jarrett (), kjend som Tony Jarrett, er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla hekkeløp og i sprintløp. Han sanka i tida 1990-95 tre VM-sølv og to VM-bronsar, samt ein medalje av kvar av valørane sølv og bronse i europameisterskap.

Aktiv Frå 1988 og eit tiår framover høyrde Jarrett til mellom dei beste korthekk-løparane verda. Heile denne perioden vart han ståande i skuggen til landsmannen Colin Jackson, som i nære på kvar einaste internasjonale hekkefinale viste Jarrett til ein plass lågare på pallen og resultatlista. Såleis i EM 1990 i Split, der det skilde tre hundredelar på 110 meter hekk frå Jarrett på sølvplass opp til Jackson. Året etter vann Jarrett to bronsemedaljar i Tokyo-VM, fyrst på korthekken og så som startmann for Storbritannia i 4 x 100 m stafett. I OL-finalen på 110 m hekk i Barcelona 1992 vart han fjerdemann på 110 meter hekk, med same tid som bronsevinnar Jack Pierce frå USA, dømt ein tusendels sekund bak.

Jarrett gjorde sitt livs beste hekkeløp i VM-finalen 1993 i Stuttgart. Med tida 13,00 sekundar vann han sølvmedaljen då Colin Jackson sette verdsrekord og tok gullet på 12,91. Begge to deltok så på det britiske stafettlaget som sette europarekord med 37,77 sekundar og sikra VM-sølv bak USA. I 1994 sprang Jarrett inn til bronse på 110 m hekk ved EM i Helsinki. Under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg presterte han eit nytt toppløp i finalen på korthekken, tida 13,04 var meir enn god nok til sølv, men 0,04 sekund for treg til VM-gull, ein medalje som Allen Johnson kunne ta med heim til USA.

Jarrett var aktiv til 2001, men uryddige løp og tjuvstartar hindra større suksess i åra frå 1996.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 6 i 110 m hekk – 13,54 EM 1990 i Split: Sølv i 110 m hekk – 13,21, bakom Colin Jackson (13,18) VM 1991 i Tokyo: Bronse i 110 m hekk – 13,25, og i 4 x 100 m stafett OL 1992 i Barcelona: Nr 4 – 13,26 VM 1993 i Stuttgart: Sølv i 110 m hekk – 13,00, bakom Colin Jackson (12,91), og i 4 x 100 m stafett EM 1994 i Helsinki: Bronse i 110 m hekk – 13,23 VM 1995 i Göteborg: Sølv i 110 m hekk – 13,04, bakom Allen Johnson (13,00) OL 1996 i Atlanta: Diskvalifisert i kvartfinalane på 110 m hekk VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane i 110 m hekk (13,50=nr 10) EM 1998 i Budapest: Nr 6 i 110 hekk – 13,32 OL 2000 i Sydney: Diskvalifisert i forsøket på 110 m hekk VM 2001 i Edmonton: Diskvalifisert i semifinalane på 110 m hekk (=nr 24)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tony Jarrett» frå , den 10. august 2019.

World Athletics

Kategori:Britiske hekkeløparar Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000