mini|Brasilender. mini|Brasilandegg.
Brasiland (Amazonetta brasiliensis) er ei and frå Sør-Amerika, den einaste arten innan slekta Amazonetta. Endene lever i den austre delen av Sør-Amerika, frå Uruguay til det nordlege Argentina, men dei fleste held til i det nordlege og sentrale Brasil.
Skildring Fargen på brasilendene er lysebrun. Andrikane skil seg frå hoene ved at dei har raude nebb og føter, og ein lysegrå flekk på sida av halsen og hovudet. Hoene sine fargar er meir avdempa.
Levevis Endene lever i par og smågrupper på opptil tjue fuglar. Begge foreldra passar ungane. Vaksne ender et insekt, røter, frukter og frø, medan andungane berre et insekt. Dei føretrekk å bu i eit vatn omgitt av tett plantevekst.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brazilian Duck» frå , den 13. juni 2006.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Andefamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen