Oliver-Sven Buder (), fødd i Steinheidel-Erlabrunn i Tyskland, er ein tidlegare kulestøytar som vann sølvmedaljen i øvinga i EM 1990, VM 1997, EM 1998 og VM 1999. Han representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland.

Aktiv 200 cm høge Buder markerte seg i kuleringen mest heile perioden 1990-2000. Ved EM 1990 i Split syrgde han for austtysk dobbeltsiger i kulestøyt, Ulf Timmermann vann tevlinga, medan norske Georg Andersen tok bronsen. Så gjekk det sju år før Buder vann medalje att, i VM 1997 i Aten tok han ein ny sølvmedalje, einast John Godina frå USA støytte lengre. Dei neste to sesongane sanka Buder meir sølv, i EM 1998 tok ukrainaren Oleksandr Bahatsj gullet framfor Buder, i VM 1999 stod Cottrell J. Hunter frå USA i vegen for Buder-triumf. I den sistnemnde meisterskapen i Sevilla sette Buder personleg rekord med 21,42 meter. Sitt lengste kulestøyt gjorde han likevel innandørs i Valencia våren 1998, der kula landa på 21,47 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 21,01 m, bakom Ulf Timmermann (21,32 m) VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 20,10 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 7 – 19,74 m EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (18,41 m=nr 16) VM 1995 i Göteborg: Nr 6 – 20,11 m OL 1996 i Atlanta: Nr 5 – 20,51 m VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 21,24 m, bakom John Godina (21,44 m) EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 20,98 m, bakom Oleksandr Bahatsj (21,17 m) VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 21,42 m, bakom Cottrell J. Hunter (21,79 m) OL 2000 i Sydney: Nr 8 – 20,18 m VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (18,89 m=nr 21)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oliver-Sven Buder» frå , den 12. august 2019.

Denne artikkelen bygger på «Oliver-Sven Buder» frå , den 12. august 2019.

World Athletics

Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000