Slaviša Jokanović () er ein serbisk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Novi Sad.
Han er no hovudtrenar for storklubben Partizan, som òg var det fyrste laget han trente etter at han la opp som aktiv fotballspelar.
Jokanović byrja sin karriere i FK Novi Sad og gjekk seinare til FK Vojvodina som vann den jugoslaviske serien i 1989. I 1990 gjekk han til Partizan, der han vann serien i 1993 og cupen i 1992. Etter desse trofeene gjekk han til den spanske klubben Real Oviedo, etterfølgd av opphold i klubbane Tenerife og Deportivo. Så drog han til England der han gjekk frå Deportivo til Chelsea for 1,7 millionar pund. Han gjekk til den spanske klubben Ciudad de Murcia, som han la opp frå i 2004.
Kjelder
National-football-teams eu-football.info
Kategori:Serbiske fotballspelarar Kategori:Serbiske fotballtrenarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Partizan-spelarar Kategori:Real Oviedo-spelarar Kategori:Tenerife-spelarar Kategori:Deportivo La Coruña-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar