mini|Vinskvetten under ei framsyning i Stavanger i 2006 Vinskvetten (tidlegare Salhusvinskvetten) er ei revy- og musikkgruppe som vart stifta under ein lokal revy (Nornarevyen (Salhus Revy og Teater) ) i Salhus i 1975. Då var gruppa ein parodi på Salhuskvintetten. I mange av tekstane på strilamål tek gruppa utgangspunkt i livet i Salhus, med ferjekai og tekstil-industri (Salhus Trikotasjefabrikk). Gruppa spela inn eit fjernsynsprogram i 1983, som fekk tittelen «Livet i Råthôlo». Gruppa har gjeve ut fleire musikkalbum, tre av desse er prisløna med gullplate.
Opphavleg var det fulle namnet på gruppa «Salhusvinskvetten Vodka Cinzano» som spela på det fulle namnet til «Salhuskvintetten Olkabilamo» - eit kjent og kjært namn frå Ønskekonserten på NRK. Dei har òg spela inn ein song i same stil, kalla «Å!! Før ei suppa» der teksten handlar om ei makelaus suppe som blei servert av Gunn på ferja mellom Sævråsvåg og Duesund.
Ein av dei mest kjende songane til Vinskvetten er «Ferjebillettøren». I songen nyttar Peder den makta han har fått tildelt då han seier «Ikkje kjør inn på ferjå før eg sei kjør inn på ferjå. Kjør inn på ferjå. Kom an kom an!»
Andre songar som gruppa er godt kjend for er «Dans på Grasdal», «Rånny Bruvik», «Tannlegen vår», «Sokkane», «Kronesautomaten» og «Data-Dagros».
Med i Vinskvetten I starten var det mykje utskifting, men desse har vore med frå 1986: Bjørn Jensen, gitar og vokal Gunnar Låstad, bass og vokal Arild Totland, trommer og vokal Jarle Farestveit, trekkspel og vokal Øyvind Østerbø, gitar og vokal Gunnar Polden, lys- og lydteknikar
Utgjevingar 1988: Platå, seld i 25000 eks. Gullplate 1991: På Helså Laus, seld i 25 212 eks. Gullplate 1994: På Nye Eventyr 1997: Rånnyen og Kveitebollen, seld i 32 402 eks. Gullplate 2000: Dei beste (samleplate) 2002: Du Sa Det Va Forbi Bi Bi... 2005: Stapp-Mett 2019: Dei fem UimotSlåelige
Bakgrunnsstoff Vinskvetten på Rockheim Om Vinskvetten på Bjørn Jensen sin nettstad Vinskvetten - fin årgang 1975 på http://www.nrk.no
Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Salhus Kategori:Musikkgrupper skipa i 1975