mini|Kart over Cayene
Cayenne er hovudstaden i den franske oversjøiske regionen Fransk Guyana. Byen ligg ved munningen av elva Cayenne som renn ut i Atlanterhavet.
Kommunen hadde 58 008 innbyggjarar ved byrjinga av 2007. INSEE, Frankrike; Populations légales 2007; Département de la Guyane (excelfil) Henta 7. september 2010. Det offisielle storbyområdet (unité urbaine) hadde til same tid 76 519 innbyggjarar, på eit areal på 69,71 km², Le Splaf; Site sur la Population et les Limites Administratives de la France Henta 7. september 2010. Dette omfattar Cayenne og nabokommunen Remire-Montjoly. I tillegg bur det rundt 25 000 mennesk i Matoury, der Cayenne-Rochambeau flyplass ligg, men denne kommunen var ikkje med i storbydefinisjonen ved den offisielle folketeljinga i 1999. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cayenne» frå og «Cayenne» frå , den 29. august 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Fransk Guyana Kategori:Hovudstader i Sør-Amerika Kategori:Skipingar i 1664 Kategori:Fransk Guyana