Alf Kristian Theodor Wiig () var ein norsk biskop og ordførar.

Wiig var fødd i Kristiansund. Han tok teologisk embetseksamen i 1917 og var i åra etterpå knytt til KFUM i Bergen. Han gjorde teneste som sokneprest i Karasjok frå 1923 og Sortland frå 1934, og var òg prost i Hammerfest og Vesterålen. Han var òg ordførar i Karasjok (1932–34).

Etter krigen vart han fylkesprost i Finnmark (1945–1952) med spesielt ansvar for attreisning av kyrkja sine bygningar og eigedomar. I 1952 vart han først domprost i Tromsø, før han vart oppnemnd til den første biskopen i det nye Nord-Hålogaland bispedømme (1952-1962). Han var pådrivar for den første kvinnelege presten i landet Ingrid Bjerkås (1961). Han vart heidra med Petter Dass-medaljen i 1967. Han fekk òg St. Olavs orden.Aftenposten morgen – Nekrolog (11. juli 1974, s.15)

Wiig var gift med Margrethe Wiig (1903-2002), forfattaren av den første samiske ABC-boka.

Referansar

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Alf Wiig» frå , den 31. august 2019.

Kategori:Folk frå Kristiansund Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Ordførarar i Karasjok