mini|høgre|Logoen nedst, timeglassymbolet over. Frå ein plakat brukt under ein demonstrasjon i London den 23. november 2018 Extinction Rebellion (ofte forkorta XR, norsk: «Opprør mot utrydding») er eit internasjonalt systemkritisk aktivistnettverk og ei sosiopolitisk rørsle med røter i miljørørsla og den britiske greina av Occupy-rørsla.
XR vart skipa i mai 2018 og praktiserer ikkje-valdeleg motstand og sivil ulynad for å tvinge styresmaktene til innsats mot klimakollapsen, tap av biologisk mangfald og mot risikoen for sosialt og økologisk kollaps. Dei krev radikale tiltak mot global oppvarming gjennom eit tredelt krav til styresmaktene: Sei sanninga, handle no og utvid den politiske arenaen med eit borgarråd for klima og økologi. Extinction Rebellion Norge vart offisielt stifta den 16. desember 2018 som eit lag og ein ideell organisasjon. Særleg i Storbritannia har XR oppnådd merksemd gjennom aksjonar som har lamma infrastruktur og ved demonstasjonar i parlamentet. I Noreg var aksjonistar ansvarlege for ein demonstrasjon som braut av eit stortingsmøte den 12. juni 2019.
Rørsla brukar eit sirkla timeglas, kjent som utryddingssymbolet, som ei åtvaring om at tida raskt renn ut for mange artar.
Manifest Krav Extinction Rebellion sin internasjonale nettstad gjev følgjande målsetting: Styresmaktene må fortelje sanninga ved å erklære ein klimatisk og økologisk naudsituasjon, samarbeide med andre institusjonar for å kommunisere hastverk for endring. Styresmaktene må handle no for å stanse tap av biologisk mangfald og redusere klimagassutslepp til netto null innan 2025. Styresmaktene må opprette og leiast av avgjerslene frå eit borgarråd om klima og økologisk rettferd.
Fastlagde prinsipp På nettsida deira kan ein vidare lese om prinsippa, sitat: «Vi har ein felles visjon om endring. Vi ønsker å skape ei levedyktig verd for alt liv som kjem etter oss.» «Vi gjer det som krevst. Vi har som mål å tvinge fram naudsynt systemendring ved å mobilisere 3,5 % av folkesetnaden - det vil skje ved å bruke metodar som 'momentum-driven organisering'.» «Vi treng ein levedyktig kultur. Vi ønsker å skape ein kultur som er livskraftig, motstandsdyktig og med evne til tilpassing.» «Vi utfordrar oss sjølve og det giftige systemet vi lever i. Vi forlèt komfortsonene og går til aksjon for å skape endring.» «Vi verdset refleksjon og læring. Etter handling følger ein syklus med handling, refleksjon, læring og planlegging av komande aktivitetar og aksjonar. Vi tar lærdom frå andre rørsler og hendingar og av eigne røynsler.» «Vi ønsker alle velkomne med heile seg. Vi arbeider aktivt for å skape tryggare og meir tilgjengelege arenaer for alle.» «Vi går inn for å redusere konsentrasjonar av makt. Vi ønsker å bryte ned hierarki av makt for ei meir rettferdig deltaking.» «Vi klandrar ingen. Vi lever alle i eit defekt system kor ein ikkje kan klandre einskilde individ.» «Vi praktiserer ikkje-vald. Ikkje-vald er den meste effektive måten å få til endring på.» «Vi er grunnlagde på sjølvstyre og desentralisering. Saman skaper vi de verktøy vi treng for å utfordre makta. Alle som følger kjerneverdiane åt organisasjonen kan gå til aksjon i Extinction Rebellion Noreg sitt namn.»
Metodar og aksjonsformer Extinction Rebellion ønsker å oppnå ei felles, verdsomspennande kjensle av tidspress for å takle klimakollapsen. Ei rekke aktivistar i rørsla aksepterer arrestasjon og fengsling, noko som liknar masseangrepstaktikken til antikrigsgruppa «Committee of 100» i 1961.
I tråd med krav nummer ein i manifestet, arbeider XR for å styresmakter verda over skal erklære klima og økologisk naudsituasjon, både på lokale nivå og på nasjonalt nivå. Etter ei rekke protestar arranget av XR over fleire veker i Storbritannia, godkjente parlamentet den 1. mai 2019 eit framlegg om å få iverk ei slik erklæring. Den 8. mai blei det lagt framlegg om at Stortinget skulle erklæra den globale oppvarminga som nasjonal naudsituasjon i Noreg.
Å spele død er ei protestform som vart nytta på Naturhistorisk museum i London den 22. april 2019. Fleire hundre menneske la seg ned under skjeletta til utdøydde dinosaurar og øgler. I Noreg vart ei slik protestform nytta då 30 aktivistar frå Extinction Rebellion la seg ned utanfor inngangen til Equinor sitt Oslo-kontor om morgonen den 13. mai 2019.
Essaysamlinga This is not a drill: An extinction rebellion handbook inneheld strategi og råd for planlegging av ikkje-valdelege aksjonar i Extinction Rebellion rørsla sitt namn.
XR i Storbritannia mini|venstre|«Rebellion Day» på Blackfriars Bridge, 17. november 2018
Extinction Rebellion vart oppretta i Storbritannia i mai 2018 med rundt hundre akademikarar som signerte ei oppmoding til handling til støtte i oktober 2018, og vart lansert i slutten av oktober av Roger Hallam, Gail Bradbrook, Simon Bramwell og andre aktivistar frå kampanjegruppa 'Rising Up!' Den 9. desember 2018 vart eit anna ope støttebrev underteikna av ytterlegare hundre akademikarar.
Ei første samling fann stad på Parliament Square i London 31. oktober, og trakk meir enn tusen menneske til å høyre opprørserklæringa mot den britiske regjeringa. Her deltok mellom anna Greta Thunberg, britiske miljøpolitikarar og journalistar som skriv om miljøsaker. I etterkant vart 15 deltakarar arresterte for ein protest i kjørebanen.
Den 17. november 2018, i det som vart kalla «Rebellion Day», deltok rundt 6000 menneske i ein koordinert aksjon for å sperre dei fem hovudbruene over Themsen i London i fleire timar. Aksjonen førte med seg stor uro av trafikk etterfølgt av 70 arrestasjonar. The Guardian skildra det som «ei av dei største handlingane med fredeleg sivil ulydnad i Storbritannia på fleire tiår.»
mini|høgre|Frå Extinction Rebellion si markering i «sommaropprøret» i Bristol 16. juli 2019 Seinare fann det stad punktvise aksjonar av XR rundt om i landet. «Sommaropprøret» frå 15. til 20. juli 2019 vart arrangert i Bristol, Leeds, Cardiff, Glasgow og London. Protestane i desse byane fokuserte på fleire trugsmål: stigande havnivå, flaum, brannar, tap av avlingar og ekstremvêr, med fem ulike farga båtar merkte «Act Now» og andre meldingar på kvar stad. Det var monalege avbrot i trafikken på protestplassane.
XR i andre land Extinction Rebellion Australia heldt ein «erklæringsdag» 22. mars 2019 i Melbourne, Adelaide, Sydney og Brisbane. Demonstrantar samla og protesterte for å krevje at regjeringar og media erklærer klimakrisa som ein naudssituasjon. På tampen av den internasjonale opprørsdagen, 15. april, okkuperte ei XR-gruppe underhuset til parlamentet.
Aksjonar vart planlagde for veka som startar 15. april 2019, i 27 andre land inkludert Irland, Australia, Canada, Frankrike, Sverige, Tyskland, Colombia, New Zealand og i New York City for ein nasjonal handlingsdag for USA.
15. april okkuperte XR-aktivistar delar av Den internasjonale straffedomstolen i Haag og danna menneskelege kjedar før dei vart arresterte. Liknande handlingar vart organiserte av XR-grupper i Berlin, Heidelberg, Brussel, Lausanne, Madrid, Denver og Melbourne. I New York City, den 17. april, samla ei XR-gruppe på 300 seg utanfor rådhuset for å krevje at byrådet erklærer ein klimakriminalitet med over 60 arresterte etter å ha okkupert gata og hengt banner frå lyktestativ. 19. april forstyrra XR-aktivistar ei jernbanelinje i Brisbane, Australia.
International Rebellion Hausten 2019 heldt XR aksjonar over to veker som dei kalla International Rebellion". Det blei halde markeringar i over 60 byar overheile verda.
Måndag 7. oktober 2019 heldt Extinction Rebellion (XR) ein global dag av sivil ulydnad i store byar over heile verda. Demonstrantar i Berlin samla seg ved Sigerssøyla nær Brandenburgporten om morgonen. Demonstrasjonen fortsette til Potsdamer Platz om kvelden, der det på eit tidspunkt var 3000 demonstrantar til stades, ifølgje lokale media. Demonstrantar blokkerte vegar i heile Australia og New Zealand, og politi i Sydney arresterte minst 30 personar. I Amsterdam blei over 100 demonstrantar arresterte etter at dei sette opp ein teltleir på hovudvegen utanfor Rijksmuseum. I Paris okkuperte rundt 1000 demonstrantar støtta av gule vestar-rørsla eit kjøpesenter. I Wien blokkerte demonstrantar traffik i byen.
London I London planla gruppa aksjonar frå 7. til 19. oktober for å kreva at styresmaktene skulle gjera noko for å takla klimakrisa. Ein "opningsseremoni" fann stad 6. oktober ved Marble Arch med over tusen menneske til stades. 7. oktober stoppa demonstrantar normalt virke i Westminster i sentrale London ved å blokkera Whitehall, The Mall, Westminster Bridge, Lambeth Bridge, Trafalgar Square, Downing Street og Victoria Embankment. 8. oktober hadde ei delgruppe av Extinction Rebellion som omfatta vitskapsmannen Matthew Shribman organisert ein leveranse av 1000 utanfor Det britiske parlamentet. Dei 650 første var øyremerkte britiske parlamentsmedlemmer. Over 400 parlamentsmedlemmer henta trea sine, og nokre av dei gjekk offentleg inn for å raska på skogplantinga i landet.
10. oktober forstyrra aktivistar tilgangen til London City Airport, og to aktivistar som hadde kjøpt bilettar forseinka to flyavgangar. 11. oktober hindra aktivistar tilkome til BBC sitt hovudkvarter Broadcasting House. Den 11. oktober var over 1000 menneske blitt arresterte.
mini|Red Brigade-demonstrantar ved London Stock Exchange
12. oktober heldt XR ein «gravferdsprosesjon» langs Oxford Street som ifølgje dei hadde 20 000 deltakarar.
14. oktober okkuperte hundrevis av XR-aktivistar Bank junction utanfor Bank of England i finansdistriktet City of London, for å demonstrera mot finansinstitusjonar som støtter miljø-øydelegging ("funding environmental destruction"). Den kvelden la politiet ned forbod mot alle Extinction Rebellion-protestar i heile London under seksjon 14 av Public Order Act 1986. Rundt same tid byrja politiet å reinska Trafalgar Square for folk og telt, som dei tidlegare hadde late vera okkupert.
Forbodet blei kraftig kritisert. XR klaga avgjerda inn for retten. 6. november avgjorde high court at avgjerda var lovstridig fordi ho gjekk utover rammene gjevne politiet av loven.
XR fortsette med ein protest utanfor Department for Transport den 15. oktober, i protest mot stadig utbygging av vegar og flyplassar.
16. oktober heldt mødrer med småbarn ein sitt-ned-aksjon utanfor Google sitt hovudkvarter i London, i protest mot at selskapet gav pengar til klimaskeptikarar. Ved same bygning klatra XR Youth oppå inngangen til YouTube sitt kontor med eit banner som sa: «YouTube, stop climate denial».
17. oktober retta aktivistar protestar mot tog- og undergrunnstenester nær finansdistriktet Canary Wharf ved å klatra oppå eller lima seg sjølv til tog i Shadwell, Stratford og Canning Town. Ved Canning Town blei ein aktivist dregen av eit tog og banka av rasande reisande. XR blei kritisert for å gje blanda signal ved å blokkera offentlege transportmiddel. XR bad om orsaking gjennom ei pressemelding, og ein talsmann for rørsla kalla protesten eit stort sjølvmål.
18. oktober blei Oxford Circus blokkert med ein pyramidstruktur laga av trestokkar, som nokre låste seg fast til og andre klatra oppa. Ein aktivist klatra halvvegs opp Big Ben ved hjelp av eit stillas som stod der og opna to store protestbanner.
20. oktober blei det halde ein protest-performance i National Portrait Gallery mot at galleriet tok imot sponsormiddel frå BP. Protesten fann stad på den siste dagen av BP Portrait Award-utstillinga.
«International Rebellion» skal ha hatt 30 000 aktivistar i London. XR i Noreg mini|Demonstrasjon mot cruisetrafikken i Kristiansand i oktober 2019.