Barokkpop (stundom kalla barokkrock) er ein blandingssjanger som kombinerer rock med visse element av klassisk musikk. Han dukka opp midt i 1960-åra då artistar prøvde å skape ein majestetisk, orkesteraktig stil, og kan identifiserast ved at det vert nytta barokk-aktige komposisjonsstilar (kontrapunktiske melodiar og mønster med funksjonsharmoniar) og dramatiske eller melankolske fakter. Cembalo vert ofte nytta i denne sjangeren, i lag med obo, valthorn og strykekvartettar, som òg er vanlege.

Sjølv om cembalo var blitt nytta på ei rekkje pophittar sidan 1940-åra, byrja somme produsentar i 1960-åra å plassere instrumentet i framgrunnen i arrangementa sine. Dels inspirert av The Beatles-songen «In My Life» (1965), byrja forskjellige grupper å bruke barokkinstrument og klassiske instrument i 1966.; Omgrepet «barokkrock» vart nytta i marknadsføringa av The Left Banke, som brukte cembalo og fiolin i arrangementa sine. Eit døme på dette er songen deira «Walk Away Renée» frå 1966.

Barokkpop vart mindre populært i 1970-åra etter kvart som punkrock, disco og hardrock tok over, men musikkstilen heldt likevel fram. Philadelphia soul i 1970-åra og kammerpop i 1990-åra var begge inspirert av barokkpop, medan sistnemnde òg bestod av lo-fi-estetikken i musikken på den tida.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baroque pop» frå , den 2. september 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikksjangrar frå 1900-talet Kategori:Sjangrar innan rockemusikk Pop