Ole Konrad Steinholt () var ein norsk prest og politikar frå Sjøvegan i Troms. Han var prost i Trondenes prosti i 20 år og stortingsrepresentant frå Troms og for Arbeidarpartiet perioden 1928-30. Steinholt var far til biskop Ola M. Steinholt.
Liv og gjerning Steinholt var son til ein kjøpmann. I 1909 tok han eksamen artium ved katedralskulen i Trondheim og fem år seinare embetseksamen frå det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. I studietida arbeidde han ein sesong i kolgruvene på Svalbard. Frå 1914 var han sokneprest i Lebesby i Hammerfest prosti. Her lærte han seg samisk og tok eksamen i samisk språk i 1917. Åra 1925-31 var han prost i Hammerfest prosti og prest i Kistrand.
I 1919 vart Steinholt vald inn i heradsstyret i Lebesby, og omgåande vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1925. Ved stortingsvalet hausten 1927 vart han, saman med Kristian Hermann Berg, vald til å representere Finnmark og Arbeidarpartiet på Stortinget. Treårsbolken 1928-30 hadde Steinholt sete i Stortingets vegkomite.
Frå mars 1931 arbeidde Steinholt som sokneprest i Trondenes prestegjeld, eit embetsområde som omfatta kommunane Trondenes, Harstad, Sandtorg og Skånland. Sidan 1935 var han òg prost i Trondenes, ei stilling han hadde til han døydde i 1955.
Under den tyske okkupasjonen av Noreg vart han i januar 1941 meld til fylkesmannen «som en der offentlig motarbeider den nye tids ånd», og fråteken alle kommunale verv. I juni 1942 vart Steinholt tvangsflytta til Skjellesvik på Grytøya. Året etter vart bøtelagd for ei preike han heldt i juni 1943.
Kjelder lokalhistoriewiki
Kategori:Norske prestar Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Salangen